Bjørkepollen sesong
Bjørkepollen vaksine...
Pollenallergi – høysnue
Kva er pollenallergi?
Pollenallergi blir på folkemunne kalla høysnue.
Timotei allergi
Ein allergi er ein overreaksjon frå kroppen sitt immunforsvar mot noko som eigentleg er ufarleg. Ved pollenallergi overreagerer immunforsvaret mot pollen, det vil seie blomsterstøv som spesifikke planter og tre slepp ut i lufta.
Mengda pollen i lufta varierer med årstidene.
Dei ulike plantene frigjer pollenet sitt i ulike periodar på våren og sommaren. Pollenutsleppet varierer òg etter kvar i landet du oppheld deg.
Symptombilete
Det er vanleg å nyse mykje når du har pollenallergi.
Burot allergi
Andre symptom:
- rennande, kløande og tett nase
- rennande, kløande og raude auge
- kløe i svelget
- hoste
Andre allergiar gir ofte dei same symptoma. Dette gjeld for eksempel middallergi og allergi mot dyrehår.
Det spesielle med pollenallergi er at han kjem til same tid kvart år.
Det finst testar som kan gi svar p