Bare slim i avføring
Diare og slim i avføring text.
Brunt slim i avføring
Diaré hos vaksne
Denne informasjonen omhandlar diaré som kjem av ein bakterie- eller virusinfeksjon.
Kva er diaré?
Kjenneteiknet på diaré er laus, ofte vasstynn, og hyppig avføring.
Diaré som er forårsaka av ein bakterie- eller virusinfeksjon, blir på fagspråket kalla enteritt eller gastroenteritt.
Mikrobane kan komme frå infisert vatn, mat eller via ein annan person med diaré.
Smitte frå person til person skjer for eksempel ved at du tar på noko som den sjuke også har tatt på, før du tar deg til munnen.
Då blir mikroskopiske delar av avføringa til den sjuke overført. Dette blir på fagspråket kalla fekal-oral smitte, som betyr «avføring til munn»-smitte. Du kan hindre at du overfører smitte til andre, ved å vaske hendene godt når du har diaré.
Ein annan vanleg smitteveg er forureina mat eller drikke.